Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Jul i Vågå – Nyheitsbrev frå Næringsavdelinga

Kort fortalt

Dei neste vekene er det mange arrangement og aktivitetar for både små og store i Vågå. Førjulstida starta med Jul i Ullinsvin i helga som var, og fremover går det slag i slag med julegateopning, marknadshelg og fleire andre arrangement fram mot jul.

Lokalt næringsliv, lag, foreiningar og andre aktørar legg ned mykje arbeid for å skape gode møteplassar og aktivitetar i førjulstida. Vi håpar både innbyggjarar, hyttefolk og tilreisande vil nytte høvet til å ta del i det som skjer.

Handle lokalt i førjulstida

Førjulstida er ei viktig tid for det lokale næringslivet. I Vågå har vi mange flotte butikkar, serveringsstader og lokale produsentar med eit variert tilbod. Ved å leggje julehandelen til lokale verksemder bidreg du til å ta vare på arbeidsplassar, eit godt handelstilbod og eit levande sentrum gjennom heile året.

Saman skaper vi julestemning

Vi oppmodar både næringslivet og innbyggjarane til å bidra med julepynt, lys og aktivitetar som skaper ei triveleg førjulstid i Vågå.

Ta med familie og vener, møt kjende, støtt opp om dei lokale arrangementa og nyt førjulstida i bygda vår.

Les nyheitsbrev frå næringsavdelinga her:

Kilde: Offisiell nyhet fra Vågå kommune.

Vågå kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Innlandet

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Innlandet · 1ny.no
1ny.no →