Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Positiv folketalsutvikling i Vågå

Kort fortalt

Dei siste befolkningstala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser ei positiv utvikling i Vågå. Ved utgangen av 3. kvartal 2026 hadde kommunen 3 578 innbyggjarar, ein auke på 32 innbyggjarar samanlikna med same tidspunkt i fjor.

Vågå har dei siste to åra hatt ein vekst på 46 innbyggjarar, og folketalet er i ei positiv trend.

Positiv utvikling i Ottadalen

Fire av dei seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen har hatt folketalsvekst dei siste tolv månadene, når vi ser på tala for Q3. Særleg positiv er utviklinga i Ottadalen, der Skjåk, Lom og Vågå samla har fått 82 fleire innbyggjarar.

Nord-Gudbrandsdalen har ved utgangen av 3. kvartal 2026 totalt 17 976 innbyggjarar, ein auke på 54 innbyggjarar samanlikna med same tidspunkt i fjor.

Vågå har klart seg relativt godt over tid

Vågå kommune har sett nærare på befolkningsutviklinga i regionen dei siste 40 åra og samanlikna denne med SSB sine befolkningsframskrivingar fram mot 2050.

Sidan 1986 har folketalet i Nord-Gudbrandsdalen gått ned med 17,5 prosent. I same periode har Vågå hatt ein nedgang på 13,4 prosent, og er dermed den kommunen i regionen som har hatt minst prosentvis folketalsnedgang.

Store endringar i alderssamansetjinga

Sjølv om folketalet har vore relativt stabilt dei siste åra, er det endringar i alderssamansetjinga.

SSB sitt hovudalternativ for befolkningsutviklinga viser at Vågå kan ha 3 116 innbyggjarar i 2050. Det er likevel endringane i alderssamansetjinga som kanskje er mest interessante:

• Talet på personar i alderen 20–66 år kan bli redusert frå 1 986 til 1 570.

• Talet på innbyggjarar over 79 år kan auke frå 273 til 422.

• Talet på unge vaksne i alderen 20–39 år kan bli redusert frå 744 til 567.

I 2050 kan nær ein tredel av innbyggjarane i Vågå vere 67 år eller eldre.

Dette er utfordringar som Vågå deler med dei andre kommunane i Nord-Gudbrandsdalen.

Kilde: Offisiell nyhet fra Vågå kommune.

Vågå kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Innlandet

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Innlandet · 1ny.no
1ny.no →