Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Tålåst på Bokhandelen!

Kort fortalt

Er du ny i Dovre og Lesja? Eller har du budd her lenge, men ynskjer å treffe nye folk? Kom på Tålåst på Bokhandelen 9. desember! Du kan koma aleine eller i lag med nokon - her kan du bli kjent med fleir!

Vi byr på varm chili con carne, musikk og ei pustepause i lag i førjulstida. Vi har òg fått med oss Maja, fersk dovring og ein av to gründerar i Stas Ølsafteri på Hjerleid, som lagar fruktkonsentrat du blandar i øl både med og utan alkohol. I kveld får vi smake, og du kan kjøpe med deg ei flaske som stuttreist julegåve om du vil.

Meir informasjon i kalenderen

Trivelege møteplassar

I det felles bu- og blilystprosjektet Tålåst vil Dovre og Lesja kommunar skape skape fleire trivelege møteplassar der både nye og gamle innbyggarar kan treffe kvarandre. Slik vil vi gjera det enklare å finne seg til rette for deg som er ny, og kanskje finne svar på noko du lurar på? Med nye venskap og kontaktar bind vi bygdene våre saman. Oss tålåst!

Prosjektet er støtta av Innlandet fylkeskommune.

Kilde: Offisiell nyhet fra Dovre kommune.

Dovre kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Innlandet

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Innlandet · 1ny.no
1ny.no →