Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Korleis skal reiselivet utviklast i Vågå?

Kort fortalt

Vågå kommune ønskjer innspel frå deg.

Reiselivet er ein viktig del av Vågå. Det skaper arbeidsplassar, verdiar og aktivitet i lokalsamfunnet, samstundes som det gjev grunnlag for butikkar, serveringsstader, kulturtilbod og opplevingar som både innbyggjarar og tilreisande har glede av. Samtidig veit vi at auka besøk kan føre med seg utfordringar knytte til mellom anna trafikk, parkering, ferdsel i naturen og bruk av felles areal.

For å sikre ei god og berekraftig utvikling av reiselivet i åra som kjem, ønskjer kommunane i regionen å få betre kunnskap om korleis innbyggjarane opplever situasjonen i dag og kva forventningar dei har til framtida.

Vågå kommune oppmodar difor alle innbyggjarar om å delta i ei spørjeundersøking om reiselivet i kommunen og regionen. Undersøkinga handlar om korleis reiselivet påverkar lokalsamfunnet, kva moglegheiter du ser, og kva utfordringar som bør takast på alvor.

Innspela vil vere viktige i arbeidet med å etablere ei reisemålsleiing. Ei slik reisemålsleiing skal vere eit fast samarbeid mellom kommune, næringsliv, frivillige organisasjonar og innbyggjarar. Målet er å skape ein felles arena for dialog og prioriteringar, slik at reiselivet kan utviklast på ein måte som tek vare på både lokale interesser og verdiane som gjer Vågå til ein attraktiv stad å bu og besøkje.

Undersøkinga blir gjennomført som eit samarbeid mellom kommunane i Nord Gudbrandsdalen gjennom dei interkommunale politiske råda (IPR) i Nord-Gudbrandsdalen og Lillehammerregionen og Rada reiseliv. Det tek om lag 10 minutt å svare, og alle svar blir behandla anonymt.

Vi håpar så mange som mogleg vil ta seg tid til å delta. Eit godt kunnskapsgrunnlag er avgjerande for å kunne ta gode val om framtidas reiseliv.

Svar her

Svarfrist er 6. januar 2027.

Takk for at du bidreg med dine erfaringar og synspunkt. Saman kan vi leggje grunnlaget for ei berekraftig utvikling av reiselivet i Vågå.

Kilde: Offisiell nyhet fra Vågå kommune.

Vågå kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Innlandet

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Innlandet · 1ny.no
1ny.no →