Eldrerådet prioriterer bibliotek, transport, pårørandeskule og palliativt team
Eldrerådet gav innspel til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030 då det var samla til møte på torsdag. Rådet ber mellom anna om at det vert oppretta eit palliativt team etter same modell som Bergen kommune har gode erfaringar med. Teamet bør vera knytt til Øy...
Vidare uttalar eldrerådet at Rong og Skogsskiftet må få tilbake fullverdige bibliotek. Det vil omfatta opning kvar dag og tilgang til utdanna bibliotekar.
- Biblioteket er viktig for mange eldre, både som møteplass og kulturinstitusjon, seier rådet i innspelet til budsjettet.Eldrerådet ber om at kommunen prioriterer kjøp av minibussar til seniortransport, eit prosjekt i Framtidssamfunnet, i budsjettet for 2027.
Rådet ønskjer også at det vert oppretta ein lokal pårørandeskule som eit samlingspunkt for støtte til pårørande, og som skal bidra til rolleavklaring og kunnskap om rettar knytte til bistandsbehov. Eldrerådet meiner kommunen bør sjå til andre kommunar som har innført ordninga.
Utover dette viser eldrerådet til innspel rådet gav til budsjettet på møtet i september. Les meir her.
Budsjettet vert venteleg vedteke av kommunestyret den 10. desember.
Kollektivtilbod for alle
Eldrerådet slutta seg til ei av formuleringane ungdomsrådet kom med på møtet på tysdag når det gjeld uttale til framlegg til nytt rutetilbod for buss etter opning av Sotrasambandet. Eldrerådet meiner det er viktig at dei nye rutene også tek vare på ytterpunkta i kommunen og at rutetilbodet også her vert styrkt. Det er vidare svært viktig at tilbodet er dimensjonert slik at det møter dei eldre i distrikta sitt behov for kollektivtransport internt i kommunen.
Eldrerådet ber også Skyss utgreia ei ordning med ringbuss i søre delen av kommunen og å vurdera å setja inn snøggbåtar som eit alternativ til buss i byvekstavtalen for bergensområdet.
Eldrerådet tilrår at ordet takting som er brukt i framlegget til vedtak vert erstatta med teksten:«…. samordna rutetidene til knutepunktet av lokallinjene på Vestsidevegen i Skålevik for å oppnå eit samanhengande rutetilbod langs heile aksen. Alternativt vurdera å oppretta ei ringbussordning.»
Hovudendringane i Ruteplan vest er at hovudlinjene vil køyra den nye hovudbrua og at lokalrutene på Litlesotra skal køyra den gamle brua til Storavatnet terminal. Tiltaka skissert i planen vil forbetra kollektivdekning på Straume og vidareutvikla kollektivtilbodet mellom Straume, Bergen sentrum og Bergen vest.
Elles sluttar eldrerådet seg til framlegget til uttale frå kommunedirektøren. Det kan du lesa her (PDF, 34 kB). (PDF, 34 kB)
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Gav innspel til planleggingsarbeidet med ny skule på Skålevik
Øygarden kommune arbeider med planlegging av ny barneskule på Skålevik. Prosjektet er no i ein fase der rom- og funksjonsprogram og teknisk kravspesifikasjon vert utarbeidde som grunnlag for ein pris- og designkonkurranse.Prosjektet skal ut i konkurranse januar 2027. Det er då lagt opp til ein kapasitet for 150 elevar, med mogleg utviding til 450 elevar. Skulen kan stå klar til bruk hausten 2030.
Eldrerådet meiner skulen må få ein fleirfunksjonell arkitektur for å kunna verta ein viktig møteplass for lokalmiljøet uavhengig av alder og funksjon. Skulen må ha trinnfri tilkomst med gode gangsoner og kvilepunkter, og legge til rette for personar med nedsett syn og høyrsel. Uteområdet må ha ei universell utforming som er tilpassa alle som kan nytta området.
Vidare bør skulen om mogeleg ha eit møterom («seniorstove») der eldre og andre kan møtast uavhengig av opningstida. Eldrerådet understrekar at det er viktig å få på plass ein trygg gang- og sykkelveg før skulen vert teken i bruk.
Integritet i helse- og omsorgstenester
Eldrerådet fremja i møte den 10. september eit oversendingsforslag om at tenestemottakarar skal bli spurde om dei har ønske om kvinneleg eller mannleg medarbeidar ved dusjing, intimhygiene og anna kroppsnær personleg hjelp.
Eldrerådet slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren om at integriteten til tenestemottakarane, tryggleik, verdigheit og rett til medverknad ved personleg stell og anna kroppsnær hjelp skal ivaretakast gjennom individuell tilrettelegging og oppfølging innanfor rammene av forsvarleg tenesteyting. Ønske knytte til kjønn på medarbeidaren skal handterast gjennom ordinær dialog og individuell vurdering. Relevante ønske og eventuelle endringar skal dokumenterast og følgjast opp innanfor rammene av tilgjengeleg kompetanse og bemanning.
Saka vert avgjort av levekårsutvalet.
Kilde: Offisiell nyhet fra Øygarden kommune.






