Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Her er ny vekerapport

Kort fortalt

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 48.

- Slepp meg fram, eg er ifrå Herdlevær

Dette lokalt kjende uttrykket er omtalt i band 6 av Øygarden bygdebok som vart presentert på Kystmuseet på laurdag.- Bygdeboka viser korleis vi levde og kva vi levde av, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han overrekte blomar til forfattarane av bandet, Kjell Alvheim, Kenneth Bratland og Yngve Nedrebø.Les meir.

Endrar køyremønsteret ved Storavatnet frå 6. desember

Frå klokka 22.00 den 6. desember vert av-, og pårampe fra riksveg 555 retning Askøy stengd. Trafikk til og frå Askøy må nytta Godviksvingene. Rundkøyring vert teken i bruk frå 11. desember.Les meir.

Storebrand vert pensjonsleverandør for Øygarden kommune

Storebrand Livsforsikring AS oppnådde høgast skår i evalueringsmodellen etter å ha levert det beste tilbodet totalt sett og vert difor pensjonsleverandør for Øygarden kommune også dei komande fire åra. Kommunestyret har godkjent resultatet av konkurransen om tenestepensjon for forsikra løysing i fellesordninga.Les meir.

Eldrerådet prioriterer bibliotek, transport, pårørandeskule og palliativt team

Eldrerådet gav innspel til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030 då det var samla til møte på torsdag. Rådet ber mellom anna om at det vert oppretta eit palliativt team etter same modell som Bergen kommune har gode erfaringar med. Teamet bør vera knytt til Øygarden lokalmedisinske senter på Straume.Les meir.

Vil skjerma kulturskulen

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) ber om at den demografijusteringa av kulturskulen ikkje vert vedteken. Det vedtok rådet då det på møtet på onsdag av uttale til budsjett for 2027 og økonomiplan for 2027-20230. I uttalen vert det vist til at kulturskulen har lange ventelister og treng ikkje det som RFF oppfattar i realiteten er ei nedskjering.Les meir.

Budsjettet: Ungdomsrådet prioriterer barn og unge

Ungdomsrådet gav på møtet på tysdag uttale til budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030. Rådet minner om at kulturskulen er eit viktig tilbod for barn og unge. - Mange står på venteliste for å få plass i kulturskulen, og det bør setjast av meir pengar til kulturskulen som er eit godt tilbod til barn og unge, meiner ungdomsrådet.Les meir.

Seksuelle overgrep er eit folkehelseproblem

I podkastepisode 29 av Rådhuset handlar det om korleis det vert gjeve hjelp til dei som er utsette for seksuelle overgrep.- Eí av tre kvinner og eín av ti menn vert utsette for seksuelle overgrep. Dette er eit folkehelseproblem. Dersom ein ikkje får snakka om dette, set traumene seg i kroppen, seier dagleg leiar i Kompetansesenter mot seksuelle overgrep i Vestland, NOK, Anne Merete Ødven.Les meir.

Nyttig øving

- Eg opplevde dette som ei god øving. Det seier beredskapssjef i Øygarden kommune, Geir Knarvik Fjeldstad, etter ei øving med pågåande livstruande vald (PLIVO) torsdag ettermiddag. Øvinga handla om eit angrep mot Kollsnes prosessanlegg der nokre personar døde og fleire personar vart skadde.Les meir.

Nye namn på haldeplassar

Denne veka har fleire haldeplassar i Øygarden fått endra namn eller skrivemåte. Språkrådet og Kartverket samarbeider med Vestland fylkeskommune om å retta skrivemåte og namn på haldeplassar i fylket.Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (48)

• 23.11.: Interne møte Eviny/BKK eigarmøte

• 25.11. Møte med Elevrådet Fjell Ungdomsskule Opplæring arealdelen til kommuneplanen Besøk av tysk radio Dialog med Redd Barna Nabokontaktmøte Equinor

Kilde: Offisiell nyhet fra Øygarden kommune.

Øygarden kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Vestland

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Vestland · 1ny.no
1ny.no →