- Slepp meg fram, eg er ifrå Herdlevær
Dette lokalt kjende uttrykket er omtalt i band 6 av Øygarden bygdebok som vart presentert på Kystmuseet på laurdag.- Bygdeboka viser korleis vi levde og kva vi levde av, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han overrekte blomar til forfattarane av bandet, Kjell A...
Band 6 omfattar gard og slekt (gardsnummer 243-246) og gjeld Oen, Nålura eller Rossnes, Breivik og Herdlevær.
Uttrykket «Slepp meg fram, eg er ifrå Herdlevær» er vel ingen heilt sikker på kvar kjem frå, men den mest fortalde versjonen er den om eit barn som skulle døypast i Mangerkyrkja. Les meir om dette lengre nede i artikkelen.
Trong fødsel
Kjell Alvheim har vore sentral i realiseringa av bygdeboka heilt frå starten. Han vart spurt av ordførar Tom Georg Indrevik kva som har vore størst utfordring med bygdeboksprosjektet.
- Det var fødselen, svarte Alvheim kort.
Men det la seg etter kvart til rette etter at Øygarden sogelag tok initiativ til å få skriva bygdebok for gamle Øygarden kommune. Kommunestyret gjorde vedtak i 2017, og i 2018 var bygdeboknemnda på plass med Kjell Alvheim som leiar. Åshild Nordstrand står for språkvask.
Ein av dei som var til stades og lytta til programmet på lanseringa på laurdag, var Hans Arne Breivik. Fulltidsbonden på Breivik har levert bilete og tekstar til bygdeboknemnda.
- Det er utruleg flott at vi får bygdebok. Vi kan gå tilbake til røtene. Etter kvart som eg er vorten eldre, har interessa for dette auka. Denne boka vert eit viktig bidrag, seier Breivik.
Hans Arne fortel at mor hans, Bergit Breivik, som mellom anna var aktiv i lokalpolitikken, vaks opp i det første huset på Herdlevær.
Gjer oss skikka til å forma framtida
Kjell Alvheim sa at målet med bygdeboka er å forstå meir av vår eiga fortid. Han viste til sitat frå det gamle testamentet om å veksa i alder og visdom og frå Arne Garborgs dikt «Um pengar».
- «Ein kan kjøpa seg mat, men ikkje matlyst; dropar, men ikkje helsa…». Bygdeboka bidreg til å gjera oss klokare. Då veit vi betre skikka til å forma framtida, sa Alvheim.
Ikkje berre fattigdom
Det vert gjerne hevda at det var fattigsleg langs kysten her ute. Ein av forfattarane av boka, Kenneth Bratland, ønskjer å nyansera det biletet.
- Det var ein kamp om ressursane. Små gardar kjempa for rettane side, og det vart ein del stridigheiter knytt til fiske og landbruk. Men vi finn dokumentasjon på at det var fiskarar som gjorde det godt. Det vart gjerne investert i sølv som hadde bestandig verdi, seier Kenneth Bratland.
Bratland, som er oppteken av å vri kjeldene og sikra varierte kjelder, leste mellom anna frå folket i Nålura eller Rossnes der det vart halde skifte etter Ingeborg Olsdotter Boga som døde i 1834.
- I buet fanst det mellom anna 1 koparkjel, 1 sølvstaup, 1 lysestake, 1 kakkelomn, 1 par vassbøtter, 1 blå duk, 2 svarte stakkar og 1 færingsbåt, taksert til 1 spesiedalar. Av husdyr var det 1 ku, kalla Gråside, 1 ku kalla Reinrei, 4 sauar og 4 verar.
Prosjektleiar og forfattar Yngve Nedrebø orienterte om prosjektet. Det er fire band igjen (allmennsoga 1870-2019 og tre gards- og slektsband) før bygdebokprosjektet er fullført i 2028. Tre av banda kjem venteleg ut i 2027. 98 prosent er ferdigskrive, men det står mellom anna igjen å skaffa fleire bilete og gjennomføra språkvask.
- Dette er i stor grad Kjell Alvheim sitt prosjekt. Gjennombrotet kom i 2017 då kommunestyret sa ja. Det er viktig at vi går i same retning, sa Nedrebø som vedgjekk at han har fått ein god del kjeft i dette bygdebokprosjektet.
Anerkjenning
Kultursjef Marian Guddal Hansen sa at bygdebok er ein døropnar til å forstå betre kvar vi kjem frå.
Kilde: Offisiell nyhet fra Øygarden kommune.






