Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Vidare arbeid med vedtak om nedlegging av Flekke skule og omstilling til Dingemoen skule

Kort fortalt

Fjaler kommunestyre har i møte 19.11.2026 vedteke å leggje ned Flekke skule frå skuleåret 2026/2027 (KOM-sak 086/26).

Planlegging av overgangen til Dingemoen skule

Kommunen er no i gang med å førebu gjennomføringa av vedtaket. Det vert arbeidd med å planleggje overføringa av elevar og tilsette frå Flekke skule til Dingemoen skule.

Arbeidet omfattar mellom anna førebuingar knytte til elevane sitt skuletilbod, organisering av skulekvardagen, personalmessige forhold, skuleskyss og praktiske løysingar som må vere på plass før skulestart.

Kommunen legg vekt på å sikre ein trygg og god overgang for både elevar, føresette og tilsette. Det vil bli lagt til rette for informasjon, dialog og involvering av dei som vert omfatta av endringane gjennom den vidare prosessen.

Meir informasjon vil bli gjort tilgjengeleg etter kvart som arbeidet går framover.

Kilde: Offisiell nyhet fra Fjaler kommune.

Fjaler kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Vestland

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Vestland · 1ny.no
1ny.no →