Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Meistringsgruppe for deg på ungdomsskulen (8.-10. trinn)

Kort fortalt

Kjenner du på stress, høge krav, eller at ting av og til blir litt mykje? Du er ikkje åleine – og du treng ikkje å stå i det åleine heller.

Vi startar opp ei samtalegruppe for 5–8 ungdommar der vi snakkar saman, gjer enkle øvingar og finn smarte verktøy for kvardagen.

Kort om tilbodet

I meistringsgruppa har vi fokus på korleis du kan

• bli tryggare på deg sjølv

• handtere stress og vanskelege kjensler

• sette grenser - både i kvardagen og på sosiale medium

Trygt og mobilfritt

Det som blir sagt i gruppa, blir i gruppa. Ingen tek bilete eller deler noko på sosiale medium, og vi legg vekk mobilane når vi er saman.

Praktisk informasjon

• Første samling er torsdag 14.01.27. Gruppa skal ha åtte samlingar.

• Vi møtest kvar torsdag, utanom vinterferien, frå kl. 15.00 til 16.30.

• Gruppa treffest på Haram tenestehus i Brattvåg (Strandgata 40).

• Vi serverer ein liten matbit

Ta gjerne kontakt med oss ved spørsmål eller for påmelding. Påmeldingsfrist er 7. desember 2026.

Kontaktpersonar

• Madelen Nergård (psykolog)Telefon: 90 63 17 17

• Camilla Hildre (familierettleiar/samtaleterapeut)Telefon: 94 03 51 36

Kilde: Offisiell nyhet fra Haram kommune.

Haram kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Møre og Romsdal

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Møre og Romsdal · 1ny.no
1ny.no →