Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Høyring: Næringsstrategi for Haram kommune 2027-2030

Kort fortalt

Haram formannskap har i møte 24.11.2026 sak 086/26 vedtatt å legge forslag til næringsstrategi for Haram kommune 2027-2030 ut på høyring. Høyringsfristen er 18. desember 2026.

Haram kommune sin næringsstrategi skal gi kommunen, næringslivet og andre aktørar ei felles retning i arbeidet med å skape fleire arbeidsplassar, styrke verdiskapinga og gjere kommunen meir attraktiv å bu og drive verksemd i.

Strategien skal bidra til ei berekraftig utvikling til beste for både næringslivet og innbyggarane. Han skal bygge opp under og vidareutvikle Haramsmodellen, der samarbeid mellom kommunen, næringslivet, utdanningsinstitusjonar og andre aktørar står sentralt.

Dokument i saka

Utkastet til næringsstrategi er heildigitalt, og publisert i Framsikt.

Her kan du lese høyringsutkast til næringsstrategi for Haram kommune 2027-2030

Merknader til høyringa

Merknader og innspel til høyringa skal sendast inn via eDialog. Oppgi gjerne referansenummer 26/2098 i merknadsteksen.

Send inn merknader via eDialog

Ansvarleg for høyringa: Kommunedirektøren sin stab

Høyringsfrist: 18. desember 2026

Kilde: Offisiell nyhet fra Haram kommune.

Haram kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Møre og Romsdal

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Møre og Romsdal · 1ny.no
1ny.no →