Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Helsesjukepleiar – 50% fast stilling

Kort fortalt

Vil du vere med og gjere ein forskjell for born, ungdom og familiar i Årdal?

Ved Helsestasjonen i Årdal kommune har me ledig 50 % fast stilling som helsesjukepleiar. Me søkjer deg som er engasjert i førebyggjande og helsefremjande arbeid, og som ynskjer ein variert arbeidskvardag med tett samarbeid på tvers av fagområde. Søknadsfrist 8. desember.

Ei viktig teneste for innbyggjarane våre

Helsestasjonen i Årdal kommune omfattar helsestasjon for sped- og småborn, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom, jordmorteneste og vaksinering. Fysioterapeut for born og gravide og helsestasjonslege er tett knytte til tenesta.

Du blir ein del av eit fagmiljø med 4,5 helsesjukepleiarstillingar som saman gir tenester til fem barnehagar, to grunnskular og den vidaregåande skulen i kommunen. Helsestasjonen er samlokalisert med legekontoret i Øvre Årdal, noko som legg til rette for godt samarbeid og korte vegar mellom tenestene.

Hjå oss møter du kollegaer som er opptekne av fagleg kvalitet, utvikling og eit inkluderande arbeidsmiljø der me støttar kvarandre i kvardagen.Les meir om stillinga og søk her

Kilde: Offisiell nyhet fra Årdal kommune.

Årdal kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Vestland

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Vestland · 1ny.no
1ny.no →