Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Sjukepleiar i 100 % fast stilling ved Seimsdal sjukeheim

Kort fortalt

Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til eldre?

Ved Seimsdal sjukeheim søkjer me ein trygg, omsorgsfull og utviklingsorientert sjukepleiar som ynskjer å bidra til gode dagar for bebuarane våre. Me er opptekne av kvalitet, fagleg utvikling og ei omsorgsteneste som tek utgangspunkt i det som er viktig for kvar enkelt. Hjå oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du blir ein viktig del av eit engasjert fagmiljø, med høve til å påverka og vidareutvikla tenestene saman med dyktige kollegaer. Søknadsfrist 9. desember.

Om stillingaSom sjukepleiar ved Seimsdal sjukeheim vil du ha ansvar for sjukepleiefagleg oppfølging av bebuarane og bidra til at dei opplever tryggleik, meistring og god livskvalitet. Du arbeider personorientert og med fokus på brukarmedverknad, der bebuarane sine behov og ynskje står i sentrum. Stillinga omfattar journalføring og kommunikasjon med pasientar og pårørande i tråd med gjeldande rutinar og retningslinjer. Du vil også vera ein viktig bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø og samarbeida tett med kollegaer ved både Seimsdal sjukeheim og Årdal sjukeheim.Les meir om stillinga her og søk

Kilde: Offisiell nyhet fra Årdal kommune.

Årdal kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Vestland

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Vestland · 1ny.no
1ny.no →