Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

27. november 2026Fantastisk gåve til framtidas møteplass for barn og unge i Fyresdal

Kort fortalt

Fyresdal kommune har fått den gledelege meldinga om at vi er tildelt kr 2 000 000,- i tilskot frå Sparebankstiftelsen DNB til den planlagde rulle- og aktivitetsparken i Fyresdal.

Fantastisk gåve til framtidas møteplass for barn og unge i Fyresdal

Dette er ei fantastisk gåve som gir prosjektet eit svært viktig løft og bringar oss eit stort steg nærare realisering av eit moderne og attraktivt aktivitetsanlegg for barn, unge og familiar i kommunen.

Rulle- og aktivitetsparken er planlagt lokalisert i nærleiken av Gimle skule, og skal etter planen innehalde mellom anna ein stor skaterampe, pumptrack, ulike aktivitetselement og sosiale møteplassar der ungdom og familiar kan samlast. Målet er å skape ein inkluderande arena for aktivitet, leik og fellesskap.

Det er allereie gjennomført eit forstudie for prosjektet, og det vil bli arrangert fleire innspelsmøte i den vidare planlegginga. På den måten skal brukarane sjølve få vere med på å forme anlegget.

I desse dagar er prosjektet ute på anbod, og når leverandør er vald, vil arbeidet med detaljplanlegginga starte.

Det er viktig å understreke at prosjektet enno ikkje er endeleg vedteke. Før bygging kan setjast i gang, må kommunestyret ta endeleg stilling til både planar og den samla finansieringa av prosjektet.

Dersom dei nødvendige vedtaka blir fatta, er målet at rulle- og aktivitetsparken skal stå ferdig i løpet av 2027.

Fyresdal kommune vil rette ei stor takk til Sparebankstiftelsen DNB for den generøse tildelinga og tilliten til prosjektet.

NB: Bilete er politiker Rita Tuften Metveit frå OKO utvalet, og prosjektkoordinator Hilde Martini Momrak.

Kilde: Offisiell nyhet fra Fyresdal kommune.

Fyresdal kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Telemark

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Telemark · 1ny.no
1ny.no →