Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Kva skal Lom kommune prioritere dei neste fire åra?

Kort fortalt

Lom kommune inviterer innbyggjarar, lag og foreiningar til innbyggjardialog om framlegget til Handlings- og økonomiplan 2027–2030. Kom med innspel før den endelege politiske behandlinga.

Lom kommune er inne i ei omfattande omstilling. Kommunen må redusere kostnadene, bruke ressursane betre og samtidig sikre gode og berekraftige tenester for innbyggjarane. Handlings- og økonomiplanen for 2027–2030 viser korleis kommunen vil møte desse utfordringane, og kva som skal prioriterast dei neste fire åra.

Handlings- og økonomiplanen legg føringar for kommunen sine prioriteringar og bruk av ressursar dei komande fire åra. Planen omfattar mellom anna drift av kommunale tenester, investeringar og tiltak som skal møte framtidige behov og utfordringar.

Nå inviterer Lom kommune innbyggjarar, lag og foreiningar til innbyggjardialog om formannskapet sitt framlegg til plan. Her får du informasjon om framlegget og høve til å kome med innspel og stille spørsmål før den endelege politiske behandlinga.

Handlings- og økonomiplanen legg føringar for kommunen sine prioriteringar og bruk av ressursar. Planen omfattar mellom anna:

• utvikling og organisering av kommunale tenester

• tiltak for å redusere driftskostnadene

• effektivisering og betre arbeidsprosessar

• investeringar og bruk av kommunale bygg og eigedomar

• tiltak som skal møte framtidige behov innan mellom anna oppvekst, helse og omsorg

• inntekter, gebyr og andre økonomiske prioriteringar

Dette heng tett saman med omstillingsarbeidet, der kommunen arbeider langs tre hovudspor: kostnadsreduksjon, effektivisering og auka inntekter. Målet er å få økonomien i balanse og sikre gode tenester også i framtida.

Formannskapet si innstilling ligg ute til høyring frå 24. november til 7. desember 2026.

Les forrmannskapet si innstilling

Tid og stad

Kom på møtet, få informasjon og sei di meining om kva Lom kommune skal prioritere dei neste fire åra.

Kilde: Offisiell nyhet fra Lom kommune.

Lom kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Innlandet

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Innlandet · 1ny.no
1ny.no →