Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Formannskapet samde om å prioritera skule og kultur

Kort fortalt

Formannskapet står samla bak budsjettinnstillinga for 2027 med prioritering av Hillestveit skule, Alvsvåg alternative skulearena og kulturskulen. Kommunestyret gjer endeleg budsjettvedtak 14. desember.

– Eg vil først og fremst takka alle partia for eit godt og ope samarbeid om budsjettet så langt. Eg er glad for at me har funne saman om viktige prioriteringar, mellom anna Alvsvåg alternative skulearena, å behalda ungdomstrinnet ved Hillestveit skule og å styrka kulturskulen noko i 2027, sa ordførar Morten Helland då formannskapet gav si samrøystes budsjettinnstilling til kommunestyret.

Møteinnkalling og protokoll Formannskapet 26.11.2026

Utset saka om driftsform for kulturhuset

Før handsaminga av budsjettsakene vedtok eit samrøystes formannskap at kommunen ikkje skal gå vidare med planane om å samlokalisera Barne- og familietenesta i det tidlegare Østensen- og Stautland-bygget på Svortland. Framlegget kom frå ordføraren og vart grunngjeve med den økonomiske situasjonen i kommunen. Formannskapet ber kommunedirektøren vurdera avbøtande tiltak.

Formannskapet vedtok også samrøystes å utsetja saka om den framtidige organiseringa av Bømlo kulturhus til neste formannskapsmøte 21. januar 2027. Spørsmålet er om kulturhuset skal halda fram som kommunalt føretak eller bli ei kommunal eining under seksjon for oppvekst, kultur og idrett. Styret i kulturhuset skal leggja fram ein konkret plan for korleis kulturhuset kan drivast vidare på ein økonomisk berekraftig måte, samstundes som kulturtilbodet blir ivareteke.

Samrøystes innstilling om budsjett og økonomiplan

Formannskapet vedtok rullering av handlingsprogram for idrett og fysisk aktivitet 2027 og gav garanti for låneopptak på 15 millionar kroner til Bømlo vatn og avløpsselskap AS. Årsavgift for fyringsanlegg, gebyr for slam, renovasjon, vatn og avlaup 2027samt gebyrregulativ for tekniske tenester 2027 vart vedtekne i tråd med kommunedirektøren sitt framlegg

Formannskapet står samla bak innstillinga til årsbudsjett for 2027 og økonomiplan for 2027–2030. Innstillinga byggjer i hovudsak på kommunedirektøren sitt framlegg, som inneber ein samla reduksjon i driftsramma på 32 millionar kroner. Målet er også å kome ned på 800 årsverk i løpet av planperioden.

Formannskapet har gjort nokre omprioriteringar innanfor denne økonomiske ramma. For 2027 er det gjort endringar på 2,05 millionar kroner på både utgifts- og innsparingssida. I økonomiplanperioden er den samla summen 4,45 millionar kroner. Det samla budsjettet til kommunen er på om lag 1,1 milliardar kroner.

Alle partia i formannskapet slutta seg til innstillinga og ordføraren si uttale om budsjettprosessen. Ordføraren takka partia for eit godt og ope samarbeid og peika på at dei har funne saman om fleire viktige prioriteringar.

– Dette er krevjande prioriteringar, både for folkevalde, tilsette og innbyggjarar. Samstundes må me bruka denne situasjonen til å sjå grundig på korleis me nyttar ressursane våre, kva me må prioritera høgast, og kva oppgåver kommunen kanskje ikkje lenger skal gjera, sa ordførar Morten Helland. Han la til at partia vil arbeida vidare med ulike verbalframlegg fram mot kommunestyremøtet 14. desember.

Kommunedirektøren sitt framlegg og, etter endeleg behandling, kommunestyret sitt vedtak finn du i Framsikt 2027-2030 så snart det er offentleg.

Prioriterer skule og kultur

I innstillinga set formannskapet av 1,4 millionar kroner i 2027 til å behalda ungdomstrinnet ved Hillestveit skule. For resten av økonomiplanperioden er det lagt inn 3,3 millionar kroner. Alvsvåg alternative skulearena får 500 000 kroner i 2027 og éin million kroner i økonomiplanperioden. Formannskapet føreslår også 90 000 kroner til å styrka kulturskulen sitt budsjett i 2027 og 60 000 kroner til ferietilskot.

For 2027 inneheld innstillinga endringar på 2,05 millionar kroner på både utgifts- og innsparingssida. I økonomiplanen er den samla summen 4,45 millionar kroner på kvar side. Totalbudsjettet for kommunen er på ca. 1,2 milliardar kroner. Formannskapet meiner dei har endra på lite, omlag to millionar for 2027, men var samde om mellom anna:

• å avgrensa bruken av spelemidlar til tidlegare lovde anlegg, noko som gir ei innsparing på 650 000 kroner

• å redusera tilskotet til Bømlo Teater med 100 000 kroner

• å spara 175 000 kroner gjennom endringar i regionsamarbeidet

• å redusera utgiftene i BFT med 725 000 kroner

• å stramma inn bruken av vikarar og ekstern innleige med éin million kroner

• å inngå ein ny avtale om Sentralidrettsanlegget

Kilde: Offisiell nyhet fra Bømlo kommune.

Bømlo kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Vestland

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Vestland · 1ny.no
1ny.no →