Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Over 1200 venta til vaksinering – med eigenberedskap på dagsorden

Kort fortalt

Influensavaksineringa held fram på kulturhuset i Ølen torsdag. Det er venta over 1200 innbyggjarar i løpet av dei fem vaksinasjonsdagane. Nytt av året er at innbyggjarane også får nyttig informasjon om eigenberedskap medan dei ventar.

Med stor pågang og nesten fullbooka timelister er det god aktivitet under årets influensavaksinering.

Det er framleis ledige timar torsdag 26. november:

Nyttig kunnskap i ventetida

I år handlar besøket på kulturhuset om meir enn å få vaksine.

Vindafjord kommune har i år sett ekstra søkjelys på eigenberedskap. Sanitetskvinnne er til stades og deler informasjon og brosjyrar medan innbyggjarane ventar etter vaksineringa.

Målet er å auka kunnskapen om korleis kvar enkelt kan førebu seg på situasjonar der viktige tenester som straum og vatn fell bort.

– Me har hatt mange gode diskusjonar om eigenberedskap og fått svært gode tilbakemeldingar på opplegget. Det er kjekt å sjå at folk engasjerer seg, fortel Anne-Beate Økland, beredskapskoordinator smittevern og vaksinekontor.

Kommunen si største beredskapsøving

Den årlege gruppevaksineringa er også Vindafjord kommune si største beredskapsøving.

Gjennom vaksineringa får helsepersonell og andre involverte øvd på samarbeid, logistikk og handtering av mange menneske på kort tid. Dette gir verdifull erfaring som kommunen kan dra nytte av dersom det oppstår situasjonar som krev rask og koordinert innsats.

I år blir dermed både kommunen sin beredskap og innbyggjarane sin eigenberedskap sett på dagsorden.

Du kan også kontakta vaksinekontoret på [email protected] eller telefon 913 03 842, måndag til torsdag kl. 09.00–15.00.

Kilde: Offisiell nyhet fra Vindafjord kommune.

Vindafjord kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Rogaland

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Rogaland · 1ny.no
1ny.no →