Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no
Kultur Rogaland • Bokn

Koseleg førjulsfest

Kort fortalt

Tradisjonen tru blei det også i år arrangert førjulsfest for bebuarar og pårørande inne på sjukestova og i tilhøyrande omsorgsbustader.

Tekst & foto: May Lisbeth Bosvik Fiskaaen

Det kom til saman 31 gjester.

Dei fantastiske kokkane våre, Anita Kro og Torunn B. Skjelde, stilte også i år opp med nydeleg julegraut og spekemat, i tilllegg har dei pynta, klargjort og rydda opp etter festen, med god hjelp frå flinke tilsette frå sjukestova.

Flott underhaldning

Underhaldninga i år fekk me frå kulturskulen, med rektor Anne Tove Øvrebø i spissen og fire flinke kulturskuleelevar; Adelin Øvrebø, Wanda Are, Thea Kristoffersen og Mie Bosvik Fiskaaen. Der er som vanleg ingenting overlatt til tilfeldigheitene, og me fekk nyta fire vakre julesongar, presentert med klokkeklare songstemmer.

Stemninga var upåklageleg, og me vil takka alle som tok seg tid til å dela denne fine stunda saman med oss.

Kilde: Offisiell nyhet fra Bokn kommune.

Bokn kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Rogaland

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Rogaland · 1ny.no
1ny.no →