Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

No er vegen til Plassane permanent open

Kort fortalt

Vegen mellom Plassane og hovudvegen er no godkjend som permanent veg. Det gir betre tilkomst til området og mindre trafikk forbi Syverplassen barnehage.

Den nye vegen gjer kvardagen enklare og tryggare for mange. Mindre trafikk forbi Syverplassen barnehage gir betre trafikktryggleik på Plassane.

Vegen gir òg kortare veg og lettare tilkomst til det nye bustadfeltet på Plassane og resten av den sørlege delen av området.

Vegen vart først bygd som ein mellombels anleggsveg i samband med arbeidet med bustadfeltet. For trygg gjennomføring og ferdigstilling av VA prosjektet i Vadbakken har kommunen arbeida for å igjen kunne opne vegen. No har fylket godkjent avkøyrsla til fylkesvegen, og reguleringsplanen er vedteken. Som ein del av arbeidet er mellom anna siktsonene mot hovudvegen forbetra.

Den nye vegen er ei fortsetting av Melshornvegen, som no strekk seg frå Myrane, opp nesten øvst på indre Hareid, så gjennom det nye bustadfeltet Plassane, før han ender opp i hovudvegen mot Hjørungavåg.

Kilde: Offisiell nyhet fra Hareid kommune.

Hareid kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Møre og Romsdal

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Møre og Romsdal · 1ny.no
1ny.no →