StikkUT! vinter startar 1. desember
Frå 1. desember er ein ny sesong med Stikk UT! vinter i gang i Møre og Romsdal. Tilbodet er ope for alle, og denne vinteren kjem det med to nyheiter: eigne digitale vinterkart for kvar kommune og moglegheita til å delta i Stikk UT! i Lag.
Dei kommunevise vinterkarta gir ei samla oversikt over turmåla i kvar kommune og gjer det enklare å finne turar i nærmiljøet. Denne sesongen omfattar Stikk UT! vinter totalt 471 turmål i fylket, fordelt på 314 fotturar og 157 skiturar.
Gjennom Stikk UT! i Lag kan venegjengar, lag og foreiningar motivere kvarandre til meir turaktivitet og skape gode vanar saman.
Det er òg inngått eit samarbeid med Skiappen, slik at brukarar av Stikk UT!-appen enkelt kan sjå oppdatert informasjon om preparerte skiløyper.
Stikk UT! vinter varer frå 1. desember til 15. april. Turmåla og meir informasjon finn ein i Stikk UT!-appen og på stikkut.no.
Velkommen til Stikk UT! vinter 2026/2027
Kilde: Offisiell nyhet fra Surnadal kommune.






