Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Volda kommune vann prisen for beste verksemdstyring

Kort fortalt

Volda kommune får nasjonal anerkjenning for sitt langsiktige og systematiske arbeid med verksemdsstyring.

Volda kommune vann prisen «Beste raude tråd» 2026 for beste heilskaplege verksemdsstyring i 2025

Prisen vart delt ut på Framsiktkonferansen 25. november. Kommunedirektøren, økonomisjefen og kommuneplanleggjaren tok imot prisen på vegner av kommunen. Dei heldt også eit innlegg om korleis Volda kommune har arbeidd med verksemdsstyring.

Sandefjord og Asker kommunar var også nominerte, men det var Volda som gjekk av med sigeren denne gongen.

Ein tydeleg raud tråd frå mål til resultat

Volda kommune har over fleire år arbeidd med å skape ein tydeleg samanheng mellom samfunnsdelen i kommuneplanen, handlings- og økonomiplanen og årsrapporten.

Juryen trekkjer fram den tydelege strukturen i styringssystemet og legg særleg vekt på at Volda vågar å forenkle styringa, sjølv om oppgåvene er mange og samansette.

Kommunen har vore oppteken av at styringssystemet ikkje skal vere meir komplisert eller tidkrevjande enn nødvendig. Juryen meiner Volda viser at også mindre kommunar med avgrensa ressursar kan arbeide systematisk med mål og resultat.

Godt samarbeid og brei involvering

Gjennom tett samarbeid mellom plan- og økonomimiljøa har kommunen utvikla styringssystemet steg for steg over fleire år. Erfaringar frå det daglege arbeidet har ført til kontinuerlege justeringar og forbetringar.

Involvering av leiarar, medarbeidarar og folkevalde har vore sentralt i arbeidet. Dei folkevalde har vore aktivt involverte i både planprosessar og arbeidet med økonomiplan og budsjett.

God verksemdsstyring handlar ikkje om å vere utan utfordringar, men om å ha god oversikt over dei. Styringssystemet har over fleire år synleggjort dei økonomiske utfordringane i Volda og gitt dei folkevalde eit godt grunnlag for å diskutere løysingar og gjere politiske prioriteringar.

Juryen trekkjer også fram at kommunedirektøren tek tydeleg ansvar for verksemdsstyringa og gir leiarar og medarbeidarar tillit og rom til å vidareutvikle systemet.

– Dette var inspirerande og kjekt. Dette er ein pris vi deler med heile organisasjonen og politikarane våre, seier Rune Sjurgard, kommunedirektør i Volda kommune.

Grunngjevinga frå juryen for prisen for beste heilskaplege verksemdsstyring 2026

«Beste raude tråd» for verksemdsåret 2025

Dei tre kommunane som kom øvst i årets vurdering, har ulike måtar å styre på. Dei representerer både kommunar som har utvikla nyskapande og samansette styringssystem, og kommunar som har gjort systema enkle å lese og bruke for innbyggjarar og folkevalde.

Alle dei tre finalistkommunane har halde på sin eigen måte å styre på og forbetra han steg for steg, år for år. Alle tre har vore blant dei ti beste kandidatane i vurderinga av beste heilskaplege verksemdsstyring i fleire år. Arbeidet deira viser at heilskapleg verksemdsstyring må utviklast kontinuerleg i heile organisasjonen.

Juryen har lagt vekt på at årets vinnar:

• har teke utgangspunkt i planarbeidet. Planmiljøet i kommunen har hatt ei sentral rolle i utforminga av heile styringssystemet.

• har gjeve dei tre viktigaste styringsdokumenta ein tydeleg struktur. Strukturen og løysingane som støttar han, gjer det enkelt å følgje samanhengen frå mål til tiltak og resultat.

• har fått plan- og økonomimiljøa til å samarbeide tett over fleire år. Saman har dei utvikla verksemdsstyringa steg for steg.

Kilde: Offisiell nyhet fra Volda kommune.

Volda kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Møre og Romsdal

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Møre og Romsdal · 1ny.no
1ny.no →