Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Vi tek vare på kommunehuset for vidare bruk

Kort fortalt

Kommunehuset i Sogndal blir pussa opp for å gi betre inneklima, tryggleik og rom som fungerer betre i kvardagen. Samstundes tek vi vare på særpreget og historia i huset frå 1956.

Kommunehuset har gjennom generasjonar vore ein stad for møte mellom menneske, kommunale tenester og lokale avgjerder. Sjølv om kommunen har teke i bruk hovudkontoret på Saften, har kommunehuset framleis ei viktig rolle som arbeidsplass og møteplass for innbyggarar, folkevalde, lag og foreiningar.

Bygget treng vedlikehald og tekniske oppgraderingar for å fylle denne rolla vidare. Oppussinga handlar om lufta vi pustar i, om å kunne høyre kvarandre i eit møte og om gode rammer for samtalar mellom innbyggarar og tilsette.

Vi prioriterer nødvendige tekniske oppgraderingar og tiltak som gjer huset tryggare og betre å bruke. Det som fungerer og er i god stand, skal vi så langt som mogleg ta vare på. Difor blir delar av bygget fornya, medan andre delar blir reparerte, brukte om att eller ståande som dei er. Slik skal vi bruke ressursane på dei tiltaka som trengst mest, og samstundes ta vare på kvalitetane huset allereie har.

Betre inneklima og tryggleik

Ventilasjonsanlegga blir oppgraderte, og kapasiteten blir auka for å betre inneklimaet i kontorareala og møtedelen av huset. Dette er særleg viktig i rom der mange menneske oppheld seg samtidig, som kommunestyresalen.

Det er òg utarbeidd eit brannkonsept som gir ei samla skildring av korleis branntryggleiken skal vere ivareteken. Konseptet legg føringar for delar av oppussinga, mellom anna brannkrav til vegger, dører og rømmingsvegar.

I enkelte rom, mellom anna kommunestyresalen, er det påvist asbest i golvmateriale. Slike materiale utgjer ikkje ein helserisiko så lenge dei er uskadde, i god stand og ligg i ro. Ved riving og andre inngrep kan det derimot bli frigjort helseskadelege fibrar. Når vi no skal arbeide med golva, blir dei aktuelle materiala derfor fjerna gjennom sanering før nytt golvbelegg blir lagt.

Rom som fungerer betre i kvardagen

Kontor og møterom får lydabsorberande himlingar, og fleire rom får tiltak som dempar etterklang. Det skal bli lettare å oppfatte det som blir sagt, følgje samtalar og konsentrere seg. God akustikk er viktig både for dei som har arbeidsdagen sin i huset, og for dei som kjem til møte.

Belysninga blir oppgradert med LED-lys og styring som reduserer unødvendig bruk av lys. Dette skal gi betre arbeidslys og lågare straumbruk til belysning. Eksisterande lysarmatur som er eigna for vidare bruk, blir tekne vare på.

Vegger og listverk blir måla, men kun rom der vegger vert rivne, får nytt golvbelegg. Eksisterande golvbelegg er frå forrige store ombygging, men det er gummibelegg som både er miljøvennleg og holdbart. Hovudtrekka i rominndelinga blir vidareførte.

Ein historisk sal med mange brukarar

Kommunestyresalen rommar mykje lokal historie. Her har det vore debattar, avgjerder og samlingar gjennom mange tiår. Salen er hyppig brukt av administrasjonen og politikarane, men òg av råd, utval og foreiningar.

Akustikken har lenge vore ei utfordring. No får salen ei lydabsorberande himling som skal gjere det lettare å høyre og bli høyrd. Ventilasjon og belysning blir betra, og golvet får nytt teppegolv.

Samstundes skal rommet framleis vere attkjenneleg. Dei eksisterande lysekronene blir tekne vare på, og historia og karakteren i salen er viktige omsyn når vi vel løysingar.

Eit trygt og imøtekomande innbyggartorg

Vestibylen og innbyggartorget blir pussa opp og får ny skranke. Løysinga skal bidra til tryggleik for dei tilsette og leggje til rette for at innbyggarane blir møtte med respekt og nødvendig skjerming.

Dører og tilgangskontroll blir òg oppgraderte. Det skal gi auka tryggleik og gjere det enklare å opne delar av huset for aktivitet utan å gi tilgang til alle areala. Slik legg vi betre til rette for sambruk med lag, foreiningar og frivillige, også utanom ordinær arbeidstid.

Leitar fram historia i huset

Kommunehuset har vore gjennom fleire rundar med oppussing sidan 1956. Undervegs har fargar, detaljar og delar av det opphavlege uttrykket blitt endra eller dekte til.

I dette prosjektet har vi leita med lykt og lupe, både i kjellaren og bak gamle målingslag, for å finne fleire spor av historia. Funna gir retning til vala vi tek no, mellom anna når vi vel fargar og vurderer kva som kan restaurerast og brukast om att.

Kilde: Offisiell nyhet fra Sogndal kommune.

Sogndal kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Vestland

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Vestland · 1ny.no
1ny.no →