Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Verneombodssamling med fokus på psykososialt arbeidsmiljø

Kort fortalt

180 deltakarar frå kommunane i Sjustjerna var samla på Herøy kulturhus 10. november for fagleg påfyll om psykososialt arbeidsmiljø og systematisk HMS-arbeid.

I tillegg til verneomboda var avdelingsleiarar frå kvar kommune inviterte til samlinga. Programmet sette søkjelys på sentrale tema innan helse, miljø og tryggleik (HMS), med faglege innlegg frå Arbeidstilsynet og representantar frå Volda, Herøy og Ørsta kommunar.

– Det var ei veldig god og nyttig samling, og ekstra kjekt at så mange deltok. Det er særleg verdifullt å samle både verneombod og leiarar på denne måten, slik at vi får ei felles forståing av arbeidet med arbeidsmiljø og HMS, seier Sonja Alisa Hovden, hovudverneombod i Volda kommune.

Psykososialt arbeidsmiljø

Arbeidstilsynet stod for den faglege delen av programmet før lunsj, med psykososialt arbeidsmiljø som tema.

Eit godt psykososialt arbeidsmiljø er viktig for både trivsel, helse og tryggleik på arbeidsplassen. Det handlar mellom anna om organisering av arbeidet, samarbeid, arbeidsbelastning, støtte og relasjonar på arbeidsplassen.

Systematisk HMS-arbeid

Etter lunsj var systematisk HMS-arbeid tema, med faglege innlegg frå:

• Britt Helen Rognstad, Volda kommune

• Christina Aasen Helvig, Herøy kommune

• Rannveig Aksnes Plementas, Ørsta kommune

Systematisk HMS-arbeid er ein viktig del av det førebyggjande arbeidsmiljøarbeidet, der både leiarar og verneombod har sentrale roller.

Samarbeid på tvers av kommunegrensene

Felles faglege samlingar på tvers av kommunegrensene legg til rette for kompetanseheving, erfaringsdeling og samarbeid om utvikling av gode og trygge arbeidsmiljø.

Kilde: Offisiell nyhet fra Volda kommune.

Volda kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Møre og Romsdal

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Møre og Romsdal · 1ny.no
1ny.no →