Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Vegopning av ny gangveg i Ålvik

Kort fortalt

Kvam herad inviterte til vegopning onsdag 25. november ved Pensjonisten i Ålvik.

Vegopning 25. november

Opninga vart markert i strålande solskin og kald austavind med omlag 50 - 60 frammøtte - godt kledd for vêret. Elevar frå Ålvik skule deltok på markeringa, noko som var svært kjekt.

Prosjektavdelinga orienterte om utført arbeid og at prosjektet også omfatta mykje meir enn berre gangvegen. Det vart orientert om status for den fylkeskommunale delen mot Torget, samt utfordringar med å få på plass grunnavtalar for å kunne byggja turveg til Molovegen.

Kvam maskin og transport (KMT) fekk ros for godt utført arbeid og mottok ei blomehelsing. Elkem Bjølvefossen vart takka for å ha stilt grunn til disposisjon, slik at kommunen kunne byggja vegen ferdig allereie i 2026, med god margin.

Ordførar og rådmann var med på markeringa og ordførar Næss stod for den offisielle opninga.

Dei mange frammøtte gav uttrykk for stor glede over den ferdige vegen og meinte han har vorte svært fin. Godt handverk, flotte lys og ei løysing som glir naturleg inn i terrenget fekk mykje ros.

Kaffi og kaker vart servert og varma godt i kulden. Alt i alt ei vellukka og triveleg markering av ein etterlengta veg.

Bakgrunn

Etter mange år med ønskje og engasjement frå innbyggjarane er gangvegen mellom Pensjonisten og fylkesveg 79 no på plass. Dette er eit viktig løft for trafikktryggleiken og tilgjengelegheita i Ålvik, og markerer ei etterlengta utvikling for lokalmiljøet.

Reguleringsplanen for Torget–Tyrvefjøra vart vedteken i 2024. Prosjektet er delt i to: Gangvegen frå fylkesveg 79 til Pensjonisten er eit kommunalt prosjekt, medan veg og fortau langs fylkesvegen er eit fylkeskommunalt prosjekt. Den samla prosjektramma er på om lag 12 millionar kroner, der den kommunale delen utgjer rundt 4,5 millionar kroner-

Politikarane i Kvam herad løyvde midlar til den kommunale delen i 2025, og prosjektet fekk i tillegg 900 000 kroner i trafikksikringsmidlar frå fylkeskommunen. Arbeidet starta opp i januar 2026 etter at Kvam herad og Elkem hadde kome fram til ein avtale om grunnkjøp. Samstundes vart det gjennomført førebuande arbeid, mellom anna flytting av den freda planta kvit skogfrue som stod i den planlagde vegtraseen.

Prosjektet har omfatta langt meir enn sjølve gangvegen. Det er utført sprengingsarbeid, etablert betre parkering ved Pensjonisten, gjennomført dreneringstiltak, skifta ut massar rundt bygga, sanert gamle VA-anlegg og septiktankar, bygd nytt VA-anlegg og lagt til rette for framtidige utvidingar. I tillegg er det sett opp ny lyssetting, skilting og vegbom.

Utføring av arbeidet

Kvam Maskin og Transport fekk tildelt kontrakten med ei tilbod på 4,1 millionar kroner eks. mva. Arbeidet starta i mai og er gjennomført utan skadar eller uventa problem. Kvam herad vil retta ein stor takk til entreprenøren for godt samarbeid og godt utført arbeid.

Resultatet har vorte svært godt. Gangvegen ligg fint i terrenget, har fått ei moderne og omfattande lyssetting og er truleg ein av dei best opplyste gangvegane i Kvam. Samstundes er bygga ved Pensjonisten drenerte og sikra mot fuktproblem, det er etablert nye parkeringsareal, og eigedomen har fått eit monaleg løft. Potensialet for vidare utvikling av området er stort, og det vert spennande å følgja utviklinga vidare.

Planlagt tursti

Arbeidet med den planlagde turstien mellom Molovegen og Pensjonisten er førebels ikkje realisert. Kvam herad har forsøkt å få på plass avtalar med grunneigarane, men partane har ikkje kome til semje. Det vert no opp til politikarane å vurdera om det skal løyvast ekstra midlar for å arbeida vidare med prosjektet.

Fortau og veg ligg på fylkeskommunen

Når det gjeld fortau og veg langs fylkesveg 79, er det kommunale førebuingsarbeidet for den fyrste delen gjennomført. Vidare utbygging ligg til fylkeskommunen som vegeigar, men det er så langt ikkje løyvd midlar til denne delen av prosjektet.

Tryggare ferdsel og betre tilkomst

I mellomtida kan innbyggjarane i Ålvik gle seg over eit flott nytt anlegg som gir tryggare ferdsel, betre tilkomst og eit løft for området kring Pensjonisten. Me håpar òg at dei neste etappane kan verta realiserte i åra som kjem.

Kilde: Offisiell nyhet fra Kvam kommune.

Kvam kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Vestland

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Vestland · 1ny.no
1ny.no →