Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Vaksenvaksinasjonsprogrammet - vaksinering mot Influensa, Korona og Pneumokokk

Kort fortalt

Sula kommune får ikkje influensavaksiner før i november, datoar for massevaksinering er satt til 12/11 og 25/11.

Vaksinasjonsprogrammet består av vaksinering mot influensa, korona og pneumokokk (lungebetennelse). Målet med programmet er å førebygge sykdom og dødsfall.

Kven får tilbod om vaksine?

Vaksinasjonsprogrammet for vaksne er eit tilbod til vaksne og barn som, på grunn av alder eller helsetilstand, har auka risiko for å utvikle alvorleg sjukdom dersom dei får influensa, korona eller pneumokokksjukdom. Kommunane har ansvar for å sørge for at desse gruppene får tilbod om vaksine mot dei nemnde sjukdomane

Korona- og influensavaksine

Korona- og influensavaksine blir tilbydd i vaksinasjonsprogrammet for vaksne til alle som er 65 år og eldre, i tillegg til vaksne og barn i risikogrupper. Folkehelseinstituttet si oppdaterte tilråding er at dei som er 75 år og eldre bør ta koronavaksine, men alle mellom 65 og 74 år kan få vaksinen gjennom vaksinasjonsprogrammet dersom dei ønsker det.

• Les meir om koronavaksine

• Les meir om infulensavaksine

Pneumokokkvaksine

Pneumokokkvaksine blir tilbydd i vaksinasjonsprogrammet for vaksne det året du fyller 65 år. Den første årsklassen som fekk tilbodet, er dei som er fødde i 1960. Dersom du er fødd i 1960 og ikkje nyttar deg av tilbodet i 2025, har du framleis rett til å få vaksinen. Så i år det det alle som er fødd i 1960 og i 1961.

NB! det er kun dei som er født i 1960 og 1961 som får tilbod om Pneumokokkvaksine på bedehuset, alle andre som evt skal ha den må få resept hos fastlegen sin.

Målet med vaksinasjon er å førebyggje sjukdom og dødsfall.

• Les meir om pneumokokk vaksine

Korleis få vaksine

Kvar haust blir det sett opp eigne dagar for massevaksinering i Sula kommune, du kan sette alle 3 vaksinane same dag om du sjølv ønsker det. Hugs å bestille time. Dei som ikkje har fastlege på Sula, vil ikkje kunne bestille time via helsenorge.no, dei kan møte opp på drop-in.

Dato for massevaksinasjon 2026

Det blir massevaksinering ved Langevåg bedehus

• Torsdag 12. november, klokka 09:30 - 16:00

• Onsdag 25. november, klokka 09:30 - 15.00

Om du ikkje kan møte på dagane med massevaksinasjon, må du sjølv bestille time hos fastlegen din.

Slik bestiller du time

Du bestiller time på helsenorge.no:

Kilde: Offisiell nyhet fra Sula kommune.

Sula kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Møre og Romsdal

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Møre og Romsdal · 1ny.no
1ny.no →