Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Treng du eller nokon du kjenner ei matkasse til jul?

Kort fortalt

Treng du ei matkasse til jul?

I år som i fjor samarbeidar Sande Frivillegsentral med kyrkjene i Sande om juleglede og matkassearbeidet. Frist for å melde behov om matkasse er tysdag 8. desember.

Matkasse kan vere ei hjelpande hand for dei som ikkje har det so lett i juletida. Kassene inneheld mat, juleglede og omtanke.

Alle førespurnadar om matkasse vert behandla anonymt av dagleg leiar i Sande frivillegsentral, Ann-Kristin Brekke Oksavik, og kyrkjelydspedagog, Ingrid Brekke Ristesund.

Korleis melde behov?

Send ei tekstmelding til leiar for frivillegsentralen på +47 908 58 951, som inneheld:

• Namn og adresse til mottakar

• Antal medlem i husstanden

• Er det barn i husstanden (under 18 år) er det fint om du skriv alder og kjønn slik at vi kan tilpasse gåvene

• Allergiar/andre omsyn i forhold til mat

Det vert anonym henting med eige tidspunkt. Har du ikkje nokon måte å få henta matkassa sjølv, kjem Ann-Kristin eller Ingrid til å levere matkassa til oppgitt adresse.

Frist for å melde behov for matkasse er: Tysdag 8. desember.

Dette er for at vi skal ha nok tid til planleggingsarbeid med bestilling av matvarer, lage anonymiserte lister til matkasse-pakkarane og fordeling av gåvene som er samla inn.

Korleis vert påmeldingane anonymisert?

• Det er kun dagleg leiar i Sande frivillegsentral, Ann-Kristin Brekke Oksavik, og kyrkjelydspedagog, Ingrid Brekke Ristesund som får vite kven som har meldt behov.

• Dei frivillige pakkarane får anonymiserte pakkelister. Dei veit ikkje noko om kven dei pakkar til, berre kva dei skal legge i kvar kasse.

• Det er berre Ann-Kristin og Ingrid som er til stades under utlevering av matkassene, dei frivillige pakkarane må reise heim.

• Du får eit eige tidspunkt å hente di matkasse, det vil difor ikkje vere andre som skal hente matkasse samtidig.

• Vi prøvar å tilretteleggje mest mogleg slik opplevelsen skal verte god for alle. Ta kontakt med Ann-Kristin på tlf +47 908 58 951, ved spørsmål.

Viktige bidragsytarar

Matkasse og juleglede-arbeidet har motteke 80.000 kroner frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre og 50.000 kroner frå Sparebanken Møre. Desse pengane har vore til stor hjelp i målet om ei betre jul for enda fleire.

– Vi er utruleg takknemlege for Sparebankstiftinga og Sparebanken Møre som gjer dette arbeidet mogleg. Gåvene frå lokalmiljøet betyr også utruleg mykje, det er ytra stor takknemlegheit over ei ekstra juleglede i matkassene, fortel Ann-Kristin Brekke Oksavik.

Ynskjer du å vippse eit beløp til dette arbeidet kan du det til vippsnr: #553299 og velg Sande frivillegsentral, det set vi utruleg stor pris på!

Kilde: Offisiell nyhet fra Sande kommune.

Sande kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Møre og Romsdal

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Møre og Romsdal · 1ny.no
1ny.no →