Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Stor vasslekkasje i Raudemyra

Kort fortalt

Volda kommune har ei større pågåande vasslekkasje i Raudemyrsona.

Råka adresser får meldig direkte frå avdeling vatn og avløp. Har du spørsmål kan du kontakte teknisk vakttelefon: 901 78 008Publisert 25. november kl 15.15

Vi har no grovlokkalisert lekkasja til Koldå. Fleire abonnentar i Storsteinvegen vil også vere utan vatn. Lekkasja er truleg midt i Koldå og alle abonnentar på oversida av vegen i Koldå vil då vere utan vatn inntil vi får reparert lekkasja. Det vil truleg ta lang tid å reparere lekkasja, og arbeidet vil pågå utover kvelden. Vi vil halde dykk orientert om framdrifta. MvhVatn og avløpVolda kommune

Publisert 25. november kl 15.00

Vi har for tida ei vasslekkasje i Raudemyrsona. Dette kan føre til periodevis bortfall av vatn eller lågare vass­trykk hos enkelte abonnentar. Vi arbeider med å lokalisere og utbetre lekkasjen så raskt som mogleg.

Når vatnet kjem tilbake, kan det vere noko misfarga. Vi tilrår då å la det kalde vatnet renne til det blir klart igjen.

Abonnentar som vert utan vatn medan arbeidet pågår, vil få nærare informasjon.

Vi beklagar dei ulempene dette måtte medføre.

Volda kommunePublisert 22. november, kl. 21.25Det er fire bustadar i Kolda som er utan vatn i kveld.

Kommunen vil dele ut posar med drikkevatn til dei råka bustadane i løpet av kvelden.

Reparasjonen startar i morgon tidleg. Før vi kan starte gravearbeidet, må det gjennomførast kabelpåvising. Når gravinga er i gang, tek det normalt om lag fire timar å reparere ei lekkasje som denne. Vi håpar difor å ha vassforsyninga tilbake i løpet av dagen i morgon.

Vi beklagar ulempene dette medfører, og vil halde dei råka bustadanr oppdaterte om framdrifta i morgon.Publisert 22. november kl. 19.55Vi har no lokalisert lekkasjen til Kolda. Vi arbeidar med å finne ut nøyaktig kor den er og kor lang tid det vil ta og reparere den. Bebuarar som er ramma vil få oppdateringar på sms. MvhVolda kommuneVatn og avløpPublisert 22. november kl. 19.22

Volda kommune har ei større pågåande vasslekkasje i Raudemyra. Mannskap frå avdeling vatn og avløp arbeider med å lokalisere og stanse lekkasjen så raskt som mogleg.

Lekkasjen kan føre til redusert vassforsyning, mellombels avbrot i vassleveringa eller misfarga (brunt) vatn hos enkelte abonnentar.

Når vatnet kjem tilbake:Vi ber deg la det kalde vatnet renne til det blir klart igjen.

Nokre abonnentar kan bli utan vatn over lengre tid. Desse vil få nærare informasjon så snart vi har betre oversikt over situasjonen.

Vi beklagar ulempene dette medfører.

Helsing Vatn og avløp, Volda kommune

Kilde: Offisiell nyhet fra Volda kommune.

Volda kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Møre og Romsdal

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Møre og Romsdal · 1ny.no
1ny.no →