Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Snø eller ikkje snø? Tur blir det uansett!

Kort fortalt

1. desember startar vintersesongen for Stikk UT, og det ligg til rette for mange gode turar i nærmiljøet gjennom vintermånadene. I år er eit heilt nytt turmål på kartet.

Vintersesongen har vekt på på nærturar, med turmål spreidd rundt i heile kommunen. Det gjer det enkelt å finne ein tur som passar, enten du har ein halvtime til rådvelde eller ønskjer ei lengre stund ute i frisk luft.

Skogsvegen på Bigset er ny vintertur i år. Dette er eit turmål fleire har etterspurt, og no får endå fleire høve til å oppdage området. Plassane gapahuk er med for fyrste gong som vintertur. Turen var ny i sommarsesongen, og vart raskt ein favoritt blant mange turgåarar.

For dei som ønskjer litt meir utfordring, er Skafjellet med vidare. Turen kan gi flotte naturopplevingar også i vinterhalvåret, enten du går til fots, på ski eller kanskje prøver deg med truger.

Vi kryssar fingrane for gode turforhold gjennom sesongen. Kanskje får vi så gode snøforhold at fleire av turane kan nytast på ski?

Hugs: På BUA Hareid kan du låne gratis både ski, truger og broddar til turen!

Årets vinterturar er:

• Gamleåsen frå Hjørungavåg

• Hammarstøylsvatnet - Feittbrennaren

• Overåsanden - nasjonalmonumentet

Her kan du laste ned oversiktskart over vinterturane i Hareid kommune (PDF, 6 MB)

Stikk UT er ein flott måte å kome seg ut på, oppleve nye stader og halde seg i aktivitet gjennom vinteren. Vi håper mange vil nytte høvet til å samle turar og gode opplevingar i nærmiljøet. Inviter gjerne med deg nokon ut på tur!Vintersesongen varer frå 1. desember til 15. april.God tur!

Kilde: Offisiell nyhet fra Hareid kommune.

Hareid kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Møre og Romsdal

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Møre og Romsdal · 1ny.no
1ny.no →