Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Oppdatert med nye datoar: Vassavstenging i delar av kommunen måndag 30. november og tysdag 1. desember

Kort fortalt

Grunna vedlikehald av vassnettet, blir vatnet avstengt i delar av kommunen måndag og tysdag. Alle som får stengt av vatnet, har fått SMS frå kommunen.

Vi anbefalar alle som er berørt av avstenginga å tappe vatn til eige forbruk. Når vatnet er tilbake, tapp godt ut i ei kaldvasskrane so nært inntaket som mogleg til vatnet er blankt og utan luft.

Ver merksam på at fleire abonnentar enn dei som er innanfor det skraverte området i karta nedanfor kan oppleve korte avbrot i vassleveransen ved omkopling og klargjøring for pluggkøyring. Det kan også førekomme driftsproblem med brunt vatn elles på nettet i samband med dette.

Måndag 30. november 2026

• Vatnet vert avstengt på strekninga Hoksneskrysset til Bakkemyrleet

• Klokka 8.30 til klokka 15.00

• Vatnet blir sett på igjen utan nærare varsel når arbeida er ferdige

Tysdag 1. desember 2026

• Vatnet vert avstengt på strekninga Sporsem/Klippen til Bakkemyr

Kilde: Offisiell nyhet fra Aukra kommune.

Aukra kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Møre og Romsdal

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Møre og Romsdal · 1ny.no
1ny.no →