Nye datoar for vaksinering
Det er sett opp ekstra dagar for vaksinering i Svelgen og på Hauge. Gratis vaksinasjon er eit tilbod for dei i målgruppene. Det er hovudsakleg dei over 65 år, og personar med underliggande sjukdom. Nærare informasjon om målgruppene finn du nederst i artikkelen...
Hauge helsesenter onsdag 9. desember kl. 15.00-17.00
Svelgen helsesenter torsdag 10. desember kl. 15.00-17.00
Viktig informasjon
Du kan ta vaksine mot korona, influensa og pneumokokkar på same tid dersom du er i målgruppene for alle. Barn under 12 år i målgruppene blir bedne om å ta kontakt med fastlege eller helsestasjon.
Hugs legitimasjon dersom du ikkje kan fødselsnummeret ditt utanåt. For å minske kø, ber vi om at ein kler seg lett slik at armen er lett tilgjengeleg.
Om pneumokokkvaksina:
Prevenar 20 er ei vaksine mot lungebetennelse, og vart frå 2025 ein del av vaksinasjonsprogrammet. Alle fødde i 1960 (som ikkje fekk i 2025) og dei som er fødde i 1961 får tilbod om denne.
Kven er tilrådd influensavaksine?
• Alle som fyller 65 år i år eller er eldre.
• Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader.
• Gravide i 2. og 3. trimester.
• Personar frå 6 månaders alder med desse kroniske sjukdommane eller tilstandane:
• Kronisk lungesjukdom (inkludert astma).
• Kronisk hjarte-/karsjukdom.
• Kronisk lever- eller nyresvikt.
• Nevrologisk sjukdom eller skade.
• Svekka immunforsvar (både på grunn av sjukdom og behandling).
• Svært alvorleg fedme (KMI over 40).
Kven er tilrådd koronavaksine (oppfriskingsdose)?
• Alle som fyller 75 år i år eller er eldre.
• Personar frå 6 månaders alder med dei same kroniske sjukdommane som lista over for influensa.
Kilde: Offisiell nyhet fra Bremanger kommune.






