Bli med på julegrantenning på Rådhusplassen
Søndag inviterer Ulstein Frivilligsentral UNG til julegrantenning på Rådhusplassen.
Søndag 29. november er det julegrantenning på Rådhusplassen.
Arrangementet startar kl. 17:00, og er i regi av kulturavdelinga ved Ulstein Frivilligsentral Ung.
- Vi satsar på fint ver, og håper mange vil ta turen for ei sosial og fin stund i lag denne dagen. Vi gler oss ekstra mykje til å høyre innslaga frå fleire born frå kulturskulen, som vi veit har øvd og gleda seg lenge til dette arrangementet. Vi kan forsikre om at dette kjem til å skape julestemning, seier Natalie Standebø i Ulstein Frivilligsentral UNG.
- Det er også alltid like spennande å telle ned og tenne julestjerna på Osberget, der Hans Olav Vattøy, Åge- og Magne Grimstad ligg klar kvart år for å tenne den i det vi ropar "NULL". Vi satsar derfor på eit folkehav på rådhusplassen, så pass dei høyrer oss heilt opp på Osberget!
Adventsstund ved Skollebakken aktivitetshus
Før julegrantenninga ved rådhuset startar er det adventsstund på uteområdet ved Skollebakken aktivitetshus. Dette er i regi av Ulstein Frivilligsentral.
Her blir det nissebesøk, nissegraut og kakao, før ein går i fakkeltog til Rådhusplassen for julegrantenninga.
På programmet denne ettermiddagen er det innslag frå:
• Appell ved sokneprest i Ulstein, Mirjam Hadde land Igland
• Nedtelling og tenning av julestjerna på Osberget og juletreet på rådhusplassen, og avslutning med gange rundt treet.
Kilde: Offisiell nyhet fra Ulstein kommune.






