Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Arkitekturomvising på Molde rådhus

Kort fortalt

Molde rådhus blei innvigd den 11. juni 1966, og fyller 60 år i 2026! For å markere dette jubileet inviterer Molde kommune, i samarbeid med Bjørnsonfestivalen, Romsdalsmuseet og Møre og Romsdal Kunstsenter, til ei open omvising der du kan lære meir om arkitektu...

Oppmøte: Foajeen på rådhuset

Molde rådhus var krona på verket for gjenreisingsarkitekturen i Molde sentrum, og blei teikna av arkitektane Paul Cappelen og Torbjørn Rodahl. Arkitektane gav bygget namnet "Tornerose".

Under omvisinga vil du få sjå fleire rom som ikkje er tilgjengelege for publikum i til vanleg, som til dømes vinterhagen og atriet, og lære meir om møbel- og interiørdesignet på bygget. Gjennom omvisinga får publikum òg innblikk i den daglege bruken av bygget, som er fylt av politisk, administrativ og kulturell aktivitet.

Omvisinga er arrangert i samarbeid med Bjørnsonfestivalen, Romsdalsmuseet og Møre og Romsdal Kunstsenter.

Kilde: Offisiell nyhet fra Molde kommune.

Molde kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Møre og Romsdal

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Møre og Romsdal · 1ny.no
1ny.no →