Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Herøy kommune inviterer til ope beredskapsarrangement

Kort fortalt

Kva skjer dersom mobilnettet eller internett fell ut? Kvar får du viktig informasjon dersom dei vanlege kommunikasjonskanalane ikkje fungerer? Og kva rolle har kommunen og andre beredskapsaktørar når ei krise oppstår?

For å gi fleire innbyggarar høve til å delta inviterer Herøy kommune til eit ope beredskapsarrangement på ettermiddagstid. Arrangementet byggjer vidare på temaet frå Eigenberedskapsveka 2026. I tillegg gir vi eit innblikk i korleis kommunen arbeider med beredskap og kva du sjølv kan gjere for å vere betre førebudd.

Velkomen til Herøy folkebibliotek

Tid: Tysdag 1. desember 2026 kl. 17.30-19.00Stad: Herøy folkebibliotek, Rådhusgata 12, 6090 Fosnavåg

Arrangementet er gratis og ope for alle.

I løpet av arrangementet får du møte representantar frå kommunen, Heimevernet (HV-11), Sørøyane Røde Kors og Herøy Sanitetsforeining. Du får informasjon om korleis kommunen arbeider med beredskap, korleis viktige meldingar kan bli formidla ved kriser, og kva du bør vite dersom viktige samfunnstenester fell bort.

Kvifor er dette viktig?

Mobilnett, internett og digitale tenester er ein naturleg del av kvardagen vår. Dersom desse tenestene blir utilgjengelege over tid, kan det påverke både kommunikasjon, informasjon og tilgangen til viktige tenester.

Det er derfor viktig å vite kvar du kan få påliteleg informasjon, kvar du kan vende deg for hjelp og korleis du kan vere best mogleg førebudd dersom ei uønskt hending oppstår.

Program

Velkomst og innleiing

Ordføraren ønsker velkomen og opnar arrangementet.

Kommunen sitt beredskapsarbeid

Beredskapsleiar og kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen held ei orientering på om lag 20-30 minutt.

Han vil mellom anna fortelje om:

• informasjonspunkta i Herøy kommune

• kva som skjer dersom mobilnett og internett fell ut

• kommunen si rolle ved kriser og uønskte hendingar

Etter presentasjonen blir det høve til å stille spørsmål og delta i samtale med kommunen.

Presentasjon ved Heimevernet (HV-11)

Representantar frå Heimevernet orienterer om deira rolle i totalberedskapen og korleis dei samarbeider med andre beredskapsaktørar ved kriser og ekstraordinære hendingar.

Kilde: Offisiell nyhet fra Herøy kommune.

Herøy kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Møre og Romsdal

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Møre og Romsdal · 1ny.no
1ny.no →