Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Formannskapet si innstilling til årsbudsjett 2027 og økonomiplan 2027–2030

Kort fortalt

Formannskapet si innstilling til årsbudsjett 2027 og økonomiplan 2027–2030 er no lagt ut til offentleg ettersyn. Fristen for å kome med merknader er 16. desember 2026.

Formannskapet handsama administrasjonen sitt framlegg til årsbudsjett og økonomiplan 24. november 2026.

I samsvar med kommunelova § 14-3 er formannskapet si innstilling lagt ut til offentleg ettersyn på kommunen si heimeside og fysisk på rådhuset i Volda og på biblioteka i Volda og på Grodås.

Sjå årsbudsjett 2027 og økonomiplan 2027–2030 i Framsikt

Betalingssatsar for kommunale tenester

Betalingssatsane for kommunale tenester er ein del av budsjettsaka, med unntak av renovasjon og slam, som vart handsama i ei eiga sak.

Du finn betalingssatsane under kapittelet «Betalingssatsar» i Framsikt.

Fastsetting av betalingssatsar for renovasjon og slam 2027

Slik kan du kome med merknader

Merknader må vere kommunen i hende innan 16. desember 2026.

Du kan sende inn merknader via:

Elektronisk skjema for høyringssvar

Brev til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda.

Folkemøte om budsjett og økonomiplan

Det vert arrangert folkemøte om årsbudsjettet og økonomiplanen.

• Dato: Onsdag 9. desember 2026

• Stad: Volda samfunnshus, kinosalen

Kilde: Offisiell nyhet fra Volda kommune.

Volda kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Møre og Romsdal

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Møre og Romsdal · 1ny.no
1ny.no →