Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no

Bli med på nyttårsspleisen – i år går vi for 100.000!

Kort fortalt

No startar innsamlinga til årets fellesfyrverkeri i Hareid. Opplegget er det same som før: Vi spleiser på ei felles oppleving på nyttårsaftan. I år aukar vi innsamlingsmålet til 100.000 kroner.

Skal vi lyse opp nyttårshimmelen saman i år også? No inviterer vi innbyggarar og næringsliv til å bli med på spleiselaget for nyttårsaftan 2026. Alle små og store bidrag er velkomne.

Fellesfyrverkeriet blir som vanleg skote opp frå ytre molo klokka 22. Då kan vi samlast om ei flott avslutning på året – og skape nye, felles minne.

Eit spleiselag som samlar

I fjor viste de kva vi kan få til saman. Heile 239 enkeltpersonar og 10 verksemder bidrog til innsamlinga. Tilbakemeldingane etter oppskytinga var svært gode. No håpar vi at både tidlegare og nye bidragsytarar vil vere med på å føre tradisjonen vidare.

Felles oppskyting, felles oppleving

Når vi samlar bidraga til éi oppskyting, får vi til eit større show enn om vi skyt opp kvar for oss. Oppskytinga skjer i kontrollerte former med profesjonell pyroteknikar. Ei samla oppskyting gir også ein kortare periode med støy for både tamme og ville dyr.

Det er Hareid kommune som står ansvarleg for fellesfyrverkeriet og innsamlinga. Fyrverkeriet er eit spleiselag som ikkje kan gå i minus. Overskotet frå førre innsamling blei sett av til årets fyrverkeri og gir ein buffer når fyrverkeriet må bestillast før innsamlinga startar. Overskotet frå årets innsamling blir tilsvarande buffer til neste år.

Slik blir du med på spleisen

Du vel sjølv kor mykje du vil gi:

Vipps: 582357 – Fellesfyrverkeri – Hareid

Vil verksemda di bidra? Hugs å merke betalinga med namnet på verksemda dersom de nyttar Vipps. Treng de faktura, kan de sende ein e-post til [email protected]. Vi takkar verksemdene som støttar spleiselaget i kanalane våre.

Bli med og gi Hareid ei strålande avslutning på året. Tusen takk for alle små og store bidrag!

Kilde: Offisiell nyhet fra Hareid kommune.

Hareid kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Møre og Romsdal

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Møre og Romsdal · 1ny.no
1ny.no →