Skudenes turnforening får kulturprisen
Hovedutvalg oppvekst og kultur har tildelt årets kulturpris til Skudenes turnforening. Skudenes turnforening mottar prisen for innsats over lang tid med eit aktivt tilbud innan turn og trampett til barn og unge.
Skudenes turnforening vart stifta i 1919, og tilbyr eit stort fellesskap for barn, ungdom og familiar i Skudeneshavn og omegn. Turnforeninga har opprettholdt eit godt tilbud over lang tid, og det er mange aktive turnarar. Dansekos er eit tilbud som Skudenes turnforening har starta opp i nyare tid, for personer med nedsatt funksjonsevne. Her får deltakarane danse, ha det kjekt og vere ein del av eit fellesskap på sine eigne premisser. Etter kvar trening samlast dei til mat og sosialt samvær.
Ved å skape aktivitet og idrettsglede, bidrar Skudenes turnforening til at barn og unge og vaksne får skape vennskap, bli inkludert og kjenne meistring og tilhøyrsle. For mange barn er turn ein fast og viktig del av kvardagen, og for mange foreldre er turn ein trygg arena der barna kan vekse og utvikle seg saman med andre. Turnforeninga deltar i arrangement lokalt og regionalt, set spor i lokalsamfunnet, og blir løfta fram for alt det dei gir tilbake til barn, familiar og fellesskapet.
Me gratulerer Skudenes turnforening med kulturprisen 2026.
Pris og utdeling
Karmøy kommune ved Hovedutvalg oppvekst og kultur kan årleg dele ut kulturpris til ein organisasjon eller enkeltperson som gjer eller har gjort ein betydelig innsats innan kultursektoren i Karmøy kommune. Prisen er å betrakte som ei heidersbevisning og består av eit diplom og eit kunstverk. Utdeling av pris vil bli nærare annonsert.
Kulturprisen
Her kan du lese meir om Karmøy kommune sin kulturpris
Kilde: Offisiell nyhet fra Karmøy kommune.






