Nyheter først • søndag 29. november 2026
Beta
NY1.no
Kultur Vestland • Kinn

Saman på kulturhusa – søk støtte til kulturarrangement (utvida frist til 22. januar)

Kort fortalt

Frivillige lag og organisasjonar i Kinn kan søke om støtte til opne og inkluderande kino-, kunst- og kulturarrangement. De kan søkje om inntil 10 000 kroner per arrangement.

Søknadsfrist er utvida til: 22. januar 2027, eller til midlane er brukte opp.Arrangementet må gjennomførast innan ein frist som de avtalar med kulturhusleiar.

Dette må de vite før de søkjer

For å få støtte må arrangementet:

• ha eit tydeleg innhald innan kino, kunst eller kultur

• gjennomførast på Florø kulturhus, Nordfjordhallen (Samfunnshallen) eller Måløy kino

• som hovudregel vere gratis

Eit lag og organisasjon kan berre sende inn ein søknad. Ordninga er særleg retta mot arrangement som kan få fleire til å delta i kulturlivet, mellom anna barn og unge, eldre, minoritetar og personar som i dag deltek lite i eksisterande kulturtilbod.

Kven kan søkje?

Frivillige lag og organisasjonar i Kinn kommune kan søkje.Det er totalt 50 000 kroner til fordeling.

Kva kan de få støtte til?

De kan søkje støtte til mellom anna:

• føredrag, samtalar og litteraturarrangement

• utstillingar, kunstformidling og kulturverkstader

• andre arrangement med eit tydeleg kino-, kunst- eller kulturinnhald

Støtta kan dekke kostnader som er direkte knytte til arrangementet, til dømes lokale, honorar, teknikk, materiell, transport og marknadsføring.

De kan ikkje få støtte til ordinær drift, investeringar som ikkje er knytte til arrangementet, kommersielle aktivitetar eller vanlege sosiale samlingar utan eit tydeleg kulturinnhald.

Skal arrangementet vere gratis?

Arrangementet skal som hovudregel vere gratis og ope for alle.

I enkelte tilfelle kan kommunen godta ein låg billett- eller deltakarpris. Prisen må ikkje vere til hinder for deltaking. Dersom de ønskjer å ta betalt, må de opplyse om dette i søknaden.

Slik søkjer de

Det skal vere enkelt å søkje. De treng ikkje lage ein omfattande prosjektplan eller eit detaljert budsjett.

Kilde: Offisiell nyhet fra Kinn kommune.

Kinn kommune NY1.no

Energi, helse og velvære

Offisielle FitLine-produkter i Norge
activ-line.com →

Flere saker fra Vestland

Hele Norges nye markedsplass

Nye annonser i Vestland · 1ny.no
1ny.no →