Fellesvaksinering til risikogrupper
I veke 46 startar vaksineringa mot influensa og covid19 til risikogrupper. I tillegg til pneumokokk til dei som er født i 1960 og 1961.
NB! I år vert det ny lokasjon, sidan kulturhuset skal rivast, du finn oss i Ørstahallen (i inngangshallen).
Fellesvaksineringa for risikogruppene for sesongen 2026/2027 blir desse dagane i inngangshallen i Ørstahallen (tidspunkt kjem):
• 09.00–11.30: etternamn på A–E
• 12.30–15.00: etternamn på F–I
• 09.00–11.30: etternamn på J–L
• 12.30–15.00: etternamn på M–N
• 09.00–11.30: etternamn på O–R
• 12.30–15.00: etternamn på S–T
• 11.00–13.30: etternamn U–Å
• 14.30–1700: dersom du ikkje kan kome på oppsett tid for din bokstav
Kvifor så seint? Vi har fått varsel frå FHI om at vaksinane vert forsinka utlevert til kommunane, ikkje før i veke 45. Derfor starta ikkje vaksineringa før enn i veke 46.
Prisar
*Det er kun personar som er født i 1960 og 1961 som får tilbod om vaksine og vaksinasjon til redusert pris gjennom voksenvaksinasjonaprogrammet/hos kommunen.
Betaling: Vi oppmodar til at ein betalar med kort eller VIPPS. Ved ev. kontant betaling ber vi om at du har med eksakt beløp.
Kven bør ta kva?
Følgjande grupper har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom (risikogrupper), og blir difor tilrådd å ta influensavaksine:
• Bebuarar i omsorgsbolig og sjukeheim
• Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1.trimester med annan tilleggsrisiko
• Prematurt fødde barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år
o Kronisk lungesjukdom (inkludert astma)o Hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)o Diabetes type 1 og 2o Leversvikt eller nyresvikto Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekrafto Nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (til dømes organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)o Svært alvorleg fedme (KMI over 40)o Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
I tillegg anbefalast influensavaksine til:
Kilde: Offisiell nyhet fra Ørsta kommune.






